-Det gjeld mellom anna forslaget om å oppheve forbodet mot meir ombordproduksjon, høve til friare reiskapsval og satsing på meir forsking og innovasjon, seier Berfjord.

Han er avventande når det gjeld endingar som vedrører omsetningsformer.- Vi er ikkje imot fornuftig modernisering, men vil ikkje godta endringar som svekkjer rolla til salslaga. Grunngjevinga er at vi i dag har eit omsetningssystem som fungerer svært godt, seier styreleiar Jonny Berfjord i Fiskebåt.

Berfjord var, før han blei styreleiar i Fiskebåt, medlem i Sjømatindustriutvalet, som er bakgrunnen for dagens Stortingsmelding frå regjeringa om sjømatindustrien.