Pelagisk stormøte i Bergen
Havforskingsinstituttet (HI) vil invitere til eit møte mellom havforskarar og pelagisk næring i Bergen 2. desember for å diskutere dei pelagiske bestandane i Norskehavet, det vil seie nvg-sild, makrell og kolmule.
14 nov 2014
Det opplyser kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft ved HI til FiskeribladetFiskaren. Ho seier at det lenge har vore eit ønske for HI å ha eit slikt møte, der forskarar og folk frå næringa kan utveksle erfaringar og synspunkt.
-Programmet er ikkje heilt klart, men det blir både formelle og uformelle settingar i møtet, opplyser Østervold Toft.
-Programmet er ikkje heilt klart, men det blir både formelle og uformelle settingar i møtet, opplyser Østervold Toft.