Sigurd Teige blir styreleiar og Gunnar Domstein administrerande direktør i Norway Pelagic.

Partane i fusjonen hadde i 2005 ei netto omsetning på 2,3 milliardar kroner.I ei pressemelding frå dei fusjonerande bedriftene heiter det at dei er i gang med andre selskap med tanke på at dei skal fusjonerast inn i Norway Pelagic.

Det nye selskapet skal vere i drift frå 1. juli i år. Norway pelagic skal ha hovudkontor i Måløy og avdelingskontor i Ålesund.