Kathrine Pernille Olsen er 33 år, frå Gravdal i Lofoten og kjem frå stillinga som kommunikasjonsrådgivar i Høgres stortingsgruppe. Olsen er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen i Bodø, med spesialisering innan innovasjon, entreprenørskap og forretningsutvikling. Ho har også vore leiar i Nordland Unge Høgre og har erfaring frå det private næringslivet.