-Alt som har med fisk å gjere ekspanderer. Verda har aukande folketal og alle treng mat, og fisken vi forvaltar er villfanga (uten kjemikaliar) og næringsrik, det sunnaste vi kan ete for helsa. I Norge og over heile verda, folk ser og lyttar til oss, dei treng fisken vår, sa Leinebø.

-Auka eksportverdi gjev større og viktigare inntekter for landet. Som fiskebåt-eigarar har vi eit stort ansvar å forvalte desse resursane på beste måte. Det vil seie å få beste kvaliteten som gir beste prisane som igjen gir mest avkasting til alle
I denne næringa svinger det. Gode år, dårlege år, i bølgedalar, men det går alltid betre enn vi trur. Også i inneverande år har vi døme på fleire positive ting, sa Leinebø.

-Stikkord for året i år var i byrjinga store problem med å få kvotar på plass på nyåret, så kom dei og er no snart oppfiska. Garn og linebåtar tapte sesongen sin, men håper framleis på kompensasjon på nyåret. Putin stengde Russland, vårt viktigaste marked. Heilsvart på makrell, dommedag, i år har vi likevel kanskje beste året, sa Leinebø.

-Torsk har vi kjempa oss igjennom store mengder, eit blodslit utan like med kvantum som vi aldri har sett før, selt på tilbod (halv pris) i månadsvis, plutseleg fauk prisane opp 30-40 %, kjempegreier. Nye marked som fekk smake «Havets Gull» og dei vil ha meir. Det er framleis 25% å gå på før vi er oppe på «normalt» torskeprisnivå. Hysa er stabilt kjempedyr, men folk et den og vil ha meir, berre alt for små kvotar, sa Leinebø med eit smil.

-Seien er så dyr at det ikkje lenger er snakk om «gråbeinen», brosma dyrare enn langa. Silda går opp i pris, masse positiv. Verda treng mat., vårt ansvar er å fange den, sa Fiskebåt Vest-leiaren.

-I all elendigheita i rekeflåten går i alle fall prisane oppover. I år vart det skote masse kval, det beste året sidan 1976, kjempebra for den næringa. Krillfiskeriet langt vekkifrå i Anktarktis , gir oss rekordresultat med så høge tal både i investering og inntekter at vi mest ikkje forstår kva det er for noko. Men vi forstår at det dei produserer er sunt for helsa og då blir det betalt godt for produkta og avkastninga god. Tenk forteneste vi knapt har sett før av den minste fisken/ reka eller individet som kan fiskast, fantastisk. Og kanskje kjem verdas største fabrikk for desse nærmast ukjende produkta til Nordvestlandet, sa Leinebø.

Framsnakking
-Vi bør snakke godt om kvarandre, som fiskara, positiv omtale gir godt omdøme og ungdommen vil vere med oss. Ikkje berre klage og gramme oss.
Fleire unge kjem til i reiarlaga, både innen administrasjon og om bord. Vi rekrutterar ungdom og har lærlingeplasser på nesten alle våre havgåande fiskefartøy i dag.
Ein aktiv fiskebåtredar sin tankegang er ikkje alltid fornuftig. Han er annleis. Han investerer i båt og kvoter for sitt selskap og/ eller familie. Og tenkjer alltid langsiktig. I mange høve ikkje opptatt av avkasting av investert kapital i det heile.
Bankvesenet med sine «høgt og superutdanna økonomAr, samt analytIKARAR og investorAr forstår lite av kva vi styrer med. Dei kan ord som EBITDA, 10% avkasting før utgifter, etc. Vi er sjeldan på same planet, sa han.

-Eg har aldri høyrt ein bankmann eller økonom uttale at pris på ei kvote har vore passeleg, den er alltid for dyr. Det vil ikkje løne seg. Men paradokset er at fleire reiarlag både med dyre fartøy og dyrekjøpte kvoter går bra, også med god avkastning. Vi er nøysame og gode på drift. Fiskebåtreiaren ser annleis på det. Han skal bu der han bur, han har kaia, sin eigen familie , mannskapets familie , administrasjinsbygning eller kontor og mange leverandører i lokalmijøet å ta vare på. Han tek risiko, men «Bygger landet på sin lokale heimstad», sa styreleiar Paul Harald Leinebø i Fiskebåt Vest mellom anna.