Lind viser blant anna til at det har kome innspel frå Fiskebåtredernes Forbund i saka. Fiskebåt har for lenge sidan foreslått at havfiskeflåten skulle vere ein del av ein førstelinjeberedskap ved havari. I 2003 blei det skrive ein intensjonsavtale om slepebåtberedskap mellom Fiskeridepartementet (statsråd Svein Ludvigsen) og Fiskebåt, men i 2006 kom Det norske Veritas med ein rapport, som konkluderte med at havfiskebåtar ikkje eigna seg til å halde havaristar på plass til slepebåtar kom til. Etter dette blei saka lagt på is.

No skal altså synspunkta til Veritas under lupa.
-Vi har ikkje ønskje om å ta oppdrag frå andre og vil overlate ansvaret for havaristen til ein slepebåt så snart den er på plass, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk. Han understrekar at det ikkje ligg økonomiske motiv bak forslaget, men meiner det er underleg at fiskebåtar ikkje skal kunne brukast for å unngå uhell. Maråk er glad for, men ikkje overraska over at styresmaktene no har snudd og vil vurdere fiskeflåtens rolle på nytt.