-Det uregulerte islandske makrellfisket er ei medverkande årsak til avgjerda, opplyser kvalitetsdirektør Karl-Tore Meeland i EWOS til nettstaden. EWOS krev at råstoff skal kome frå regulerte og kontrollerte fiskeri.

Sist veke kunngjorde Salmon Group at dei ikkje ville kjøpe fôr med råstoff frå det uregulerte islandske makrellfisket.