Forslaget frå Fiskeridirektoratet som no er ute på høyring skil mellom eksisterande og nye område, fortel seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet Gunnstein Bakke. Mandag møtte han medlemmar i Fiskebåt for å presentere hovudpunkta i høringsnotatet.

Historiske data
Direktoratet har tatt utgangspunkt i data for kvar det tradisjonelt har vore drive fiske. Dette i lag med informasjon om kvar det er sårbare artar ligg til grunn for forslaget frå direktoratet.

- Det er eit stort press frå miljøvernorganisasjonane om å verne store delar av Barentshavet. Det er difor viktig for norske styresmakter å ha eit regime og eit regelverk som forvaltar dette området, seier Bakke.

Grense på 1000 meter
I hovudtrekk går det ei grense på 1000 meter. Skal ein fiske djupare enn det, må ein søke om særskilt løyve. I fiskevernesona rundt Svalbard er det sett ei grense på 800 meter. I tillegg til dei generelle krava er det eit område på til saman 3200 kvadratkilometer fordelt på åtte området, der det er totalforbod mot alt fiske er i kontakt med havbotnen.

- I desse områda er det dokumentert til dels tette forekomstar av sjeldne artar. Samtidig er dette område der det ikkje har vore drive fiske i noko utstrekning, seier Bakke.

Du kan lese heile høyringsdokumentet på lenka under.