Ungdomsmønstringa blir arrangert for niande gong til hausten, og planen er å samle rundt 1000 tiandeklassingar til informasjon om norsk sjømatnæring generelt og flåten spesielt.
Også musikalsk underhaldning og ein kunnskapskonkurranse med flott klassepremie står på programmet under ungdomsmønstringa fredag 26. august.

Surofi, Møre og Romsdal Fiskarlag, Marint Kompetansesenter og Fiskebåt Vest samarbeider om arrangementet.