Heretter blir det Sør-Norges Fiskarlag, Nord-Norges Fiskarlag og Fiskebåt. Dei tre underorganisasjonane blir likestilt i forhold til representasjon i sentrale organ i Fiskarlaget. I dag er det ni forskjellige medlemslag og gruppeorganisasjonar i Fiskarlaget.

Det var fremma eit alternativt forslag til det landsstyret la fram. I hovudsak var endringane i dette forslaget at ein skulle utsette avgjerda om representasjon mellom dei tre organisasjonane.

Det blei krevd skrifteleg røysting, og resultatet blei 46 som røysta ja til landsstyret sitt forslag, og 23 som røysta for det alternative forslaget.

Ny organisasjonsmodell skal tre i kraft 1. januar 2020.