Forskarane har studert korleis fisken oppfører seg når nota opnar seg og fisken kan symje fritt ut av nota. Og resultata viser at fisken ikkje er så rask med å symje ut.

I forsøka som vart gjort heldt fiskane seg i nota sjølv om den var open. I starten av eit utslepp symde fisken i roleg og strukturert stim, for så å gå over til kaotisk symjing mot slutten.

Ifølgje rapporten var det større andel kaotisk åtferd ved slepping frå store kast, enn frå små og middelstore kast.

Du kan lese eit utdrag frå rapporten på lenka under.