- Avtalen legg til rette for eit grundigare samarbeid på område som ressursforvaltning, havbruk og forsking, seier nærings- og handelsminister og konstituert fiskeri- og kystminister Dag Terje Andersen.

I utforminga av avtalen har norske styresmakter lagt avgjerande vekt på at samarbeidet vert utvida til å omfatta spørsmålet om ulovleg, uregistrert og uregulert fiskeri.

- Ulovleg fiske er ein alvorleg trussel mot bærekraftige fiskeri og vil vera eit hovudtema i dei politiske samtalane eg skal ha med kinesiske styresmakter, seier Andersen.

Noreg og Kina er leiande fiskerinasjonar, og blant dei største produsentane og eksportørane av sjømat i verda. I 2006 vart det eksportert norsk sjømat til Kina for over 1 milliard kroner, ein auke frå 400 millionar kroner i 2000.

Kina er ein stadig viktigare handelspartnar for Norge, og denne veka er nærings- og handelsministeren i Kina med statsministeren, finansministeren og nærare 50 representantar for norsk næringsliv.