Heile næringslivet ventar med spenning på svaret, som altså skal vere klart før 1. september, midt i valkampen. Forslaget om ein miljøavtale mellom næringslivet og styresmaktene inneber mellom anna innbetalingar til eit fond som skal finansiere rensetiltak. Dette er eit mostykke til dagens ordning med ei avgift, som går rett i statskassa. Miljøavtalen vil også gi differensierte avgifter, mellom anna slik at havfiskeflåten slepp med langt lågare innbetalingar enn dagens avgift på 15 kroner per kilo NOx-utslepp.

BEST FOR MILJØET
-Miljøavtalen som eit samla norsk næringsliv står bak er det beste også for miljøet. REnsetiltaka vil kome raskare i gang og miljømåla når vi raskare enn med dagens avgift. Miljøavtalen vil også redusere dei økonomiske byrdene for mange bedrifter og dermed vere med på å sikre arbeidsplassar, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåtredernes Forbund. Maråk meiner det blir vanskeleg for regjeringa å gå imot Nox-løysinga frå næringslivet, som er betre både for miljøet og næringslivet enn Nox-avgifta regjeringa innførte.

DISKUSJON
Denne veka kjem næringslivets arbeidsgruppe for NOx saman for å diskutere situasjonen. For næringslivet er det einaste akseptable at regjeringa godtar miljøavtalen som er foreslått og at den blir gjeldande frå 1. januar i år. Det vil innebere at innbetalt NOx-avgift blir refundert mot innbetaling etter andre satsar til eit næringslivets NOx-fond.