-At fisket i Jan Mayen-sona kjem i gang igjen er for det første interessant med tanke på å utvide sesongen, seier avdelingsleiar Paul-Gustav Remøy. Det blir dessutan første gong at norske trålarar prøver seg på partrål så lang til havs. Dersom også norske ringnotbåtar prøver seg på partrål blir det første gong dette skjer etter at Fiskeridirektoratet opna for dette tidlegare i år, seier Remøy.