Den norske delegasjonen under forhandlingane i Oslo blir leia av assisterande departementsråd Arne Røksund i Nærings-og fiskeridepartementet. Frå Norges fiskarlag er Kjell Ingebrigtsen, Solveig Strand og Jan Erik Johnsen med i den norske delegasjonen.

Tilrådinga frå Det internasjonale havforskingsrådet ICES er på 894.000 tonn torsk for 2015. Dette er ned 99.000 tonn frå årets kvote på 993.000 tonn.

På hyse tilrår ICES ei kvote på 165.000 tonn i 2015. For 2014 blei kvoterådet på 150.000 tonn auka til 178.500 tonn.

Forhandlingane omfattar også loddekvotane, der kvoterådet kjem i morgon, og uer.