Den norske botnfiskkvoten i færøysk sone held seg på eit relativt stabilt nivå samanlikna med avtalen i 2009. Dei norske kvotane i færøysk sone i 2010 er: lange/blålange 2425 tonn, brosme 1774 tonn, sei 101 tonn, og andre artar 855 tonn.

Den færøyske kvoten på torsk i Barentshavet er auka med 293 tonn til 2244 tonn i 2010. Kvoten på hyse går opp med 121 tonn til 1581 tonn, medan kvoten på sei blei redusert til 1.125 tonn kommande år.

Den norske kvoten på kolmule i færøysk sone vart auka med 15 % til 12995 tonn i 2010. Færøyane sin kvote på hestmakrell er sett til 200 tonn. Den norske kvoten på hestmakrell vart sett til 50 tonn. Begge samsvarar med tala frå i fjor.

Partane ersamde om å halde fram samarbeidet om makrell, og ser fram til at det kan bli etablert ein kyststatsavtale om makrell i 2010.

Elles blei partane samde om å legge vekt på eit betre og meir effektivt samarbeid når det kjem til tekniske reguleringar, blant anna ved å avtale eit møte tidleg i første kvartal av 2010 for å diskutere stuingsplanar, kontrollpunkt, elektronisk fangstdagbok og andre aktuelle problemstillingar.