Nei til uavhengig sildegransking
Fiskeriminister Per Sandberg sa nei til ei uavhengig gransking av sildeforskinga ved Havforskingsinstituttet, då han svarte på ein interpellasjon i Stortinget i dag.
31 mai 2016
Det var Ove Trellevik (H) som tok opp saka på bakgrunn av usemja mellom forskarar og fiskarar om kor stor bestanden av nvg-sild er. Trellevik spurte om statsråden ville sette i verk ein uavhengig gjennomgang av sildeforskinga. - Vi kan ikkje ha ei gransking kvar gong forskarar og fiskarar er usamde om storleiken på ein bestand, sa Sandberg mellom anna.
I debatten deltok i tillegg til Trellevik og Sandberg Oskar Grimstad (FrP), Pål Farstad (V) og Geir Pollestad (Sp).
I debatten deltok i tillegg til Trellevik og Sandberg Oskar Grimstad (FrP), Pål Farstad (V) og Geir Pollestad (Sp).