Liv Signe Navarsete som sit i utanrikskomiteen på Stortinget, ber om svar på kva regjeringa gjer for å løyse den fastlåste situasjonen.

- Kva gjer regjeringa for å få frigitt båt og mannskap og når kan ein forvente ei løysing i saka, skriv Navarsete til utanriksministeren.

Fortvila situasjon
Navarsete viser til at situasjonen som mannskapet og reiarlaget har hamna i er fortvila for dei.

- Reiarlaget tapar store pengar, og mannskapen kjem ikkje heim slik dei skulle. Dette er ei sak der den norske stat har gjort ein feil, men som mannskapet på båten og reiarlaget no må ta konsekvensane av. Det er difor maktpåliggande at norske styresmakter handlar raskt for å løyse saka, skriv Navarsete i spørsmålet til utanriksminister Børge Brende.

Reketrålaren Remøy vart tatt inn til Murmansk av russisk kystvakt onsdag 10. mai, som følgje av ein formalitetsfeil i lisensdokumenta.

Formalitetsfeil
Årsaka er ein formalitetsfeil i lisensdokumenta som trålaren må ha for å fiske i russisk sone. Lisensieringa av norske fartøy som skal fiske i russisk sone, er eit forhold mellom Norge og Russland. Reiarlaget hadde søkt norske styresmakter om lisens for å fiske på ein norsk rekekvote i russisk sone. Lisens for fartøyet blei gitt og reiarlaget har dagleg rapportert om fartøyet sine rekefangstar til både Russland og Norge. Reiarlaget har difor forholdt seg til at lisensen som blei gitt var i orden.

Det er UD som handterer kontakten med russiske styresmakter. 

Trålaren Remøy har eit mannskap på 17 personar, der to er frå Færøyane og resten er norske.

Alle partar jobbar aktivt med å få løyst saka, og reiarlaget har bedt om at mediekontakt i størst mogleg grad skal gå gjennom Fiskebåt. Kontaktpersonar er adm.dir. Audun Maråk (900 77 470) og informasjonsleiar Odd Kristian Dahle (906 15 658).