Sørfonn har følgjande spørsmål og grunngjerving:

"Er det i samband med behandling av den såkalla Fedje-ubåten vurdert å nytta ein heveteknikk som går ut på at ein kapsel vert lukka rundt heile ubåt-skroget før hevinga tek til, og hvis dette er vurdert, kva er grunngjevinga for ikkje å nytta denne teknikken?


I TV2 nyhetene 13. februar 2007 kl 2100 vart det vist ein animasjon av ein heveteknikk gåande ut på at ein stor metall-kapsel vart lukka rundt heile ubåtskriget før hevinga starta. Det vart opplyst at ein slik framgangsmåte ville hindra noko som helst kvikksølvlekkasje under sjølve hevinga.
I same sendinga hevda ein av landet sine mest erfarne ekspertar på kompliserte, maritime heveoperasjonar at han aldri hadde nått gjennom i forsøk på å få presentert denne løysinga for Kystverket/Departementet".