Polartorsken er ein arktisk bestand som har vore i tilbakegong i Barentshavet dei siste 25 åra, men i år ser forskerane eitt år gammal polartorsk stå både i stimar og langs botnen. Dette kan bety ein liten renessanse for denne hardt pressa bestanden.

Polartorsken trivst best nord for polarfronten og er tilpassa temperaturar heilt ned mot frysepunktet. Fordelinga strekkjer seg langt inn i Polhavet, og det er derfor usikkert kor stor totalbestanden er. Mengdeberekninga for den delen av bestanden som er i Barentshavet i august/september har vist ei gradvis minking frå 1.4 millionar tonn i 2010 til 148000 tonn i fjor. Årets estimat vil vise om stimane med eittåringar som forskerane har observert undervegs, er nok til at den negative trenden har snudd.