Veksten kjem først og fremst av auka volum og verdi av fryst heil kvitfisk og klippfisk. Til saman er det eksportert 349 000 tonn torsk, sei, hyse og anna kvitfisk for 11,3 milliardar kroner så langt i år. Men i september har det vore ein nedgang på 78 millioner kroner, eller seks prosent samanlikna med september i fjor, skriv Norges Sjømatråd på si nettside.

Analytikar Ingrid Kristine Pettersen i Sjømatrådet, seier at auka eksport til Kina gjer at fryst heil kvitfisk blir det største produktet innan kvitfisk i år, målt i pengeverdi.

Heile kvitfiskrapporten frå Sjømatrådet, kan du lese her.

Sild og makrell
For sild og makrell er det ein nedgang på tre prosent i verdien så langt i år, samanlikna med same periode i fjor. Så langt er det eksportert 180 000 tonn sild og 135 000 tonn makrell itl ein verdi av 3,6 milliardar kroner.

September
I september har Norge eksportert pelagisk fisk for 490 millionar kroner, som er ein nedgang på 44 prosent samanlikna med september i fjor.

Ifølge analytikar Kristin Lien i Sjømatrådet, er det sildefiletar som utgjer hovuddelen av sildeeksporten frå Norge, og står for halvparten av verdien.

Heile rapporten frå Sjømatrådet kan du lese her