Dei to medlemsmøta har vore innom det meste som omhandlar fisket, der det har vore ein gjennomgang av aktuelle reguleringar for 2018, avslutninga av årets sesong, kvoteavtalar med andre land og rulleringsordningane.

Assisterande direktør i Fiskebåt, Jan Ivar Maråk, legg ikkje skjul på at det til tider kan vere vanskeleg å administrere desse ordningane, og samtidig ha eit operativt og klart regelverk.

- Det er viktig at medlemmane i Fiskebåt er godt kjent med regelverket. På desse møta har dei også fått diskutere og kome med innspel som administrasjonen tar med seg i det vidare arbeidet, seier Maråk.

Også ressursforsking og miljømerking var også oppe som tema på dei to møta.