Etter høyringa skal Transport- og kommunikasjonskomiteen no kome med ei tilråding om kva som skal skje vidare. Fiskeri- og kysdepartementet har vedtatt at den tyske ubåten med 65 tonn kvikksølv skal tildekkast. Avgjerda fekk sterk kritikk under høyringa, blant anna fordi mange meinte at Kystverket ikkje har vurdert alle aktuelle hevingsmetodar.

Fiskebåtredernes Forbund la stor vekt på at omdømet til norsk sjømat blir sterkt skadelidande, dersom ubåten med med det miljøfarlege kvikksølvet ikkje blir fjerna.Fiskebåt støtta framlegget frå Bellona om to parallelle anbodsprosessar, ein for heving og ein for tildekking. -På den måten får vi fram ulike metodar for heving, sa informasjonsleiar Oddbjørn Skarbøvik i Fiskeåtredernes Forbund under høyringa.

Georg Eide i Eide Marine Services opplyste at heving blir billegare enn tildekking og at risikoen er minimal med den metoden som dei vil bruke.