I 2014 var avtalt kvote 1 240 000 tonn. Avtalen betyr at norsk kvote blir i overkant av 237 000 tonn. I 2014 var den 279 000 tonn.

EU får 519 512 tonn og Færøyane 132 814 tonn. Det er sett av 164 424 tonn for fiske av andre land.

- Eg er glad for at vi har lukkast i å få på plass ei omforent forvaltning av makrellbestanden mellom tre av kyststatane, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Eg hadde sjølvsagt helst sett at også Island var ein del av avtalen, men vi kan framleis leve godt med ein trepartsavtale.

- Det er viktig for Noreg å sikre ei ansvarleg forvaltning av makrellen. Når det i møtet mellom alle kyststatane viste seg ikkje å vere mogeleg å oppnå ei semje, så er vi frå norsk side fornøgde med ein trepartsavtale mellom Noreg, Færøyane og EU, seier Aspaker.

- Avtalen dekkjer det desidert mest vesentlege av utbreiingsområda til makrellen, seier fiskeriministeren.