I dag møtte styreleiar Jonny Berfjord i høyringa som Næringskomiteen i Stortinget, der Fiskebåt i lag med andre interessentar fekk legge fram organisasjonen sitt syn.

Kvotekutt
Regjeringa har blant anna foreslått at næringa skal betale inn 100 millionar kroner for å oppheve tilbodsplikta. Samtidig foreslår regjeringa at trålarar som er omfatta av aktivitetsplikta skal få kutt i torskekvotene på 20 prosent. Desse frigjorte kvotane skal overførast til kystflåten under 15 meter.

Fiskebåt er positiv til at eit økonomisk oppgjør, og at desse blir brukt i dei kystsamfunna som blir ramma av endringane, men ei endring i fordeling av kvotene kan få svært uheldige følgjer.

Ubalanse
Ein reduksjon i havfiskeflåten sin del av totalfangsten vil svekke verdiskapinga, redusere norsk bearbeidingsgrad og fiskerinæringa si konkurransekraft. Oppbygging og prioritering av en industrieigd torsketrålflåte i nord skjedde i konkurranse med fiskeflåten langs heile kysten, og den fiskareigde torsketrålflåten vart særleg rama.

Fiskebåt meiner difor at det er historielast og uakseptabelt å foreslå ei regionalisering av trålarane sine historiske delar av ressursen.

Fiskebåt sitt brev til Næringskomiteen kan du lese på lenka under