Drifts- og reguleringsvilkåra for norske båtar har vore vanskelege og usikre for dette fisket. Seinast i fjor blei fisket ein total fiasko, medan resultatet i 2005 var brukbart.

Dersom fisket blir opna må dei norske fartya etter avtalen med Island halde seg nord for 64.30 N og avslutte fisket innan 15. februar.
Fiskebåtredernes Forbund har tidlegare fleire gonger bede norske styresmakter
forbetre rammevilkåra for dette fisket.