Forskingsfartya gjekk ut for nokre dagar sidan og skal ha sett spor av lodde nord av Island, men ikkje nok til at fisket er opna. Det har til dels vore dårleg ver i området.

Dersom fisket blir opna må dei norske fartya etter avtalen med Island halde seg nord for 64.30 N og avslutte fisket innan 15. februar.
Fiskebåtredernes Forbund har tidlegare fleire gonger bede norske styresmakter
forbetre rammevilkåra for dette fisket.