Toktleiar Harald Gjøsæter ved havforskingsinsituttet skriv dette om leitetoktet så langt:
"Medan leitebåtane har arbeidd på Austfinnmarka dei siste dagane, har også ”Gardar” gjort seg ferdig med målingane av lodda som vart funnen i Ingøydjupet. Dei har brukt både ekkoloddmetodikk, sonarmetodikk og ”skipperskjønn” for å vurdere mengda. Det verkar som om måten lodda opptrer på gjer det svært vanskeleg å få pålitelege målingar med ekkolodd, sjølv om ein går særs tette kursar.

”Gardar” har no gått austover for å måla det som no er funne der. Laurdag kom nemleg leitebåtane ”Harvest” og ”Kvannøy” over ein del stimar i eit område som strekte seg omtrent frå Syltefjorden til Kiberg, i ei stripe på 6-8 nautiske mil breidde langs land. Dette var lodde med middellengde på 17,5 cm og middelvekt på 28,5 gram, og med modningsprosent på 21,5. Det er vel grunn til å tru at dette er den same lodda som ”Nikolay Repnikov” fann rett søraust av Gråsonen for vel 14 dagar sidan. Ut frå modninga og måten ho opptrer på, ser det ut som om denne lodda kan koma til å gyta i dette området, som jo har mange aktuelle gytefelt som har vore mykje brukt opp gjennom åra.

Båtane har allereie gjort sine første kast, og når denne dagen er omme er dei to leitebåtane ferdige med sitt oppdrag for Havforskingsinstituttet. ”Gardar” skal enno gå ei veke før den er ferdig med sin periode.

Frå russisk side har det i helga ikkje vore meldt om nye funn av lodde, med unnatak av eit lite område med tynne stimar på om lag 35ºØ. Dei konsentrasjonane som har vore kartlagt den siste veka synest å ta vegen mot Motovskibukta ved Fiskerhalvøya. Dette er eit område der det har vore gyting frå tid til annan, så det er ikkje umulig at denne lodda vil gyta i dette området i dagane som kjem".