Båtane som er leigde inn, etter anbodsrundar, er "Kvanøy" og Harvest". I tillegg skal "Gardar" brukast til å mengdeberekne gyteinnsiget. Målet med toktet er å auke kunnskapen om utbreiinga av lodda, vandringsmønsteret og å prøve å få eit akustisk mål på kor stort gyteinnsiget er.
-Vi har mengderekena lodda om hausten sidan 1972, og meiner vi har relativt god kontroll på denne delen. Når det derimot gjeld å måle lodda på veg inn for å gyte er det mykje vi framleis ikkje veit. Det seier toktansvarleg Harald Gjøsæter til www.imr.no

Han er spent på kva som blir resultatet av leitinga. -Vi vi finne lodde, og eventuelt kor mykje? Vil lodda ha eit vestleg, austleg eller eit meir sentralt innsig når den i mmars vandrar inn til kysten av Nord-Troms, Finnmark og Kola for å gyte?, undrar Gjøsæter

Det blir i stor grad "Kvanøy" og "Harvest" som skal stå for leitinga, men Havforskingsinistuttet har inspekktørar om bord som skal ta prøver av lodda.