Det dreier seg om fangstar frå 700 til 980 tonn, som blei melde inn i natt. Først ut var Trønderbas med ein fangst på 950 tonn.

Norske fartøy med ringnotløyve kan totalt fiske inntil 70 669 tonn lodde i fiskerisona ved Jan Mayen, Grønlands fiskerisone nord for 64°30'N, og i Islands økonomiske sone nord for 64°30'N. Av totalkvoten kan det fiskast inntil 70 669 tonn i fiskerisona ved Jan Mayen, inntil 36 000 tonn lodde i Grønlands fiskerisone, og inntil 47 269 tonn lodde i Islands økonomiske sone.

Av totalkvoten er det avsett 2 000 tonn lodde til eit forsøksfiske i fiskerisona ved Jan Mayen.