Fem norske farty deltar no i loddefisket ved Island. Så langt er det få og små fangstar. Den største er på 270 tonn. Det er dårleg ver i området no. Onsdag må resten av fartya som er uttrekte avgjere om dei vil vere med på loddefisket ved Island eller om dei vil overlate plassane til andre.