Toktansvarleg Harald Gjøsæter skriv følgjande om den nye utviklinga i leitinga etter lodde:
"Kvannøy” og ”Harvest” fann i førgårs att lodda, som no hadde samla seg i sjølve Ingøydjupet, og stod spreidd over eit noko større område enn før. Det vart teke fleire prøver av lodde i dette området. Modningsprosenten var frå 20 til heile 23,5%, noko som tyder på at denne er på veg mot land for å gyta. Lodda var frå 15 til 20 cm lang, med middellengde på 17,8 cm. Middelvekta var 28,0 gram, og det var 60% hannar og 40% hoer i prøvene. Lodda stod no i stimar heilt til overflata.

Medan ”Gardar” no går tette kursar for å freista mengdemåla denne lodda, leitar dei to andre seg austetter med sikksakk-kursar frå kanten og ut til 71º30