Linefartøyet Leinebris var i dag på tur i maksver med britiske fish&chips-spesialistar.

Fish&chips-spesialistane er regionale vinnarar i den store konkurransen The National Fish&Chip Award i Storbritannia. I januar deltar dei i finalen i London, der det blir konkurrert i mange kategoriar.

Dei er inviterte til Ålesund for å få innblikk i det berekraftige norske fisket og i produksjonen av førsteklasses filetar, "fresh frozen at sea" berre få timar etter fangst.

Leinebris var på tur med britane og andre gjester i åtte timar i dag i strålande solskinn og havblikk. Utanfor fire-mila blei det sett ei line på ca. fem kilometer og det blei nok fangst til at det kunne produserast filetar om bord.

Om kvelden er det middag på Klippfiskakademiet for dei ti, eigarane av fartøy som produserer filet om bord og representantar for dei norske selskapa som sel fisken,.

Onsdag får britane med seg foredrag om det berekraftige norske fisket før besøket blir avslutta med lunsj på Fjellstua og foredrag om Ålesunds historie, med spesiell vekt på fiskerihistoria.