Dei ti er regionale vinnarar i den store konkurransen The National Fish&Chip Award i Storbritannia. I januar deltar dei i finalen i London, der det blir konkurrert i mange kategoriar.

Dei er inviterte til Ålesund for å få innblikk i det berekraftige norske fisket og i produksjonen av førsteklasses filetar, "fresh frozen at sea" berre få timar etter fangst.

Leinebris legg ut i morgon tidleg, med dei ti finalistane og andre gjester om bord. I løpet av dagen skal det settast og halast line og dessutan produserast filetar om bord.

Om kvelden er det middag på Klippfiskakademiet for dei ti, eigarane av fartøy som produserer filet om bord og representantar for dei norske selskapa som sel fisken,.

Onsdag får britane med seg foredrag om det berekraftige norske fisket før besøket blir avslutta med lunsj på Fjellstua og foredrag om Ålesunds historie, med spesiell
vekt på fiskerihistoria.