Leinebø hadde klar adresse til saka der reketrålaren Remøy blei tatt i arrest som følge av at det norske fiskeridirektoratet hadde gjort ein formell feil.

- Vi må ha klare avtalar med andre land, slik at når avtalane for kvotane blir inngått, må det automatisk bli fohandla fram ein avtale om korleis fiskeriet skal utøvast i desse sonene, sa Leinebø til årsmøtet.

Sildeboikott
I opningstalen var han også inne på den russiske boikotten av norsk sild.

- Det er nok ein av dei viktigaste grunnane til det kraftege prisfallet på sild den siste tida. Dette er ein konsekvens av fleire land sin utenrikspolitikk, men norsk fisk betaler ein god del av denne boikotten ved å ikkje få selge våre produkt austover. Det gjeld for mange fiskeslag, paradokset er at det er mykje folk som ønskjer og treng vår fisk på sine fat, sa Leinebø.

Mykje positivt
Paul Harald Leinebø var også innom at det er mykje positivt for norsk fiskeri, og at næringa framstår som både moderne og framtidsretta.

- Vi er i ferd med å få ein modernisert og innovativ fiskeflåte, attraktive og trygge arbeidsplassar, spesialutdanna mannskap i dei fleste arbeidsposisjonar om bord, dobbel sysselsetting ved skiftordningar og fleire jenter om bord, sa Leinebø.

Stabilitet
Årsmøtet til Fiskebåt Vest har lagt opp til eit spennande program for årsmøtet. Ikkje minst blir finansieringsordningar og dei økonomiske utsiktene eit tema. GIEK-direktør Wenche Nistad er invitert for å fortelje om ordnignar som næringa kan gjere seg nytte av med tanke på nybygg.

- Fiskeflåten har ikkje tidlegare kunne nytta seg av såkalla «eksportfinansiering» slik resten av flåten har nytta. Det er difor svært interessant å få høyre kva Wenche Nistad, har å fortelje oss om kva dei har å by på. Kanskje får vi anledning seinare i kveld til å signere nye kontrakter heile gjengen, spøkte Leinebø.

Søppel i havet
I opningstalen var Leinebø også innom problema med forureining frå mellom anna plast i havet.

- Plastforureining er noko heile storsamfunnet er ansvarleg for, men fiskeflåten har sin del av ansvaret. Heldigvis har båtane i dag system for å ta vare på alt avfall inntil vi kjem i land. Det vert rydda i fjørene og mange bidreg. Også vi i Fiskebåt ga lag og organisasjoner støtte i år for å rydde strender, sa Leinebø.