Dette er papir O. Husby måtte legge fram for dei russiske inspektørane:

-Kopi av alle meldingar sendt frå båten
-Kopi av alle sluttsetlar over landa fangst i 2009
-Kvoterekneskap for kvar tur, kva som er fiska og kva som står igjen
-Vektsertifikat
-Dokumentasjon på kor mykje agn som var om bord, spesifisert på type
-Lasteromsteikningar
-Sertifikat på satelittsporingsutstyr
-Sertfikat på alt radiokommunikasjonsutstyr
-Nasjonalitetsbevis for fartøyet
-Merkebrev
-Reiskapssertifikat

Ingvald John Husby ønskjer å opplyse om dette for at andre farty i russisk økonomisk sone skal vite kva dei kan bli bedne om å dokumentere.

I tillegg til det som er nemnt frå O. Husby er andre også blitt bedne om å legge fram lisenspapir, sjølv om partane er samde om at båtane ikkje treng ha dette om bord.