Styreleiarane i Fiskebåt og Norges Fiskarlag, Jonny Berfjord og Kjell Ingebrigtsen møtte i dag fiskeriminister Per Sandberg (Frp) for å diskutere ulike problemstillinger knytt til at kvoterådet for nvg-sild er trekt tilbake.

- Dette er ein vanskeleg situasjon for næringa og det difor viktig at vi har ein god dialog med styresmaktene i desse spørsmålea, seier dei to styreleiarane.

Kvoterådet frå ICES blei trekt tilbake sist veke, då det blei oppdaga at det var ein datafeil i berekningane.

Det er venta at nytt kvoteråd er på plass i løpet av denne veka.

- Vi forventer frå næringa si side at det blir grundig evaluert kva som er årsaka til at vi har havna i denne situasjonen, seier Jonny Berfjord.