Det er klart etter at forhandlingane i København. Fiskeriminister Per Sandberg seier i ei pressemelding at utnyttinga av kvotane ved Grønland har vore god i år. Han er difor godt nøgd med at Norge og Grønland no er einige om kvoteavtale også for 2018.

Mykje likt
Avtalen er i stor grad lik den vi har hatt, men nytt for 2018 er at Norge får ein kvote på skolest ved Aust-Grønland. Kvoten for botnlevande uer blir auka med 200 tonn til 1 000 tonn. Til gjengjeld har Grønland fått auka kvoten på torsk på med 300 tonn.

Barentshavet
Grønland sin kvote i Barentshavet i 2018 er sett til 4 000 tonn torsk, 900 tonn hyse og 500 tonn sei. I tillegg får Grønland ein kvote på inntil 300 tonn bifangst av andre artar.

Dei norske blåkveitekvotane på 900 tonn ved Vest-Grønland og 400 tonn ved Aust -Grønland, er vidareført. Torskekvoten blir vidareført med 1 200 tonn og kveitekvoten med 10 tonn. I tillegg har norske fartøy ein kvote på 150 tonn bifangst av andre artar.

Forsking
Noreg og Grønland er einige om å vidareutvikle det gode forskingssamarbeidet. Forskingssamarbeidet blir vidareført for blåkveite, torsk, uer, håkjerring og makrell. Partane held også fram med eit fleirårig forskingsprogram om effektane av klimaendringane på fiskebestandane og økosystema i vestnordiske farvatn.