-Vi har lagt vekt på at det tiltaket vi set i verk skal vere det beste for miljøet både på kort og på lang sikt, seier konstituert fiskeri- og kystminister Dag Terje Andersen. Kvikksølvet må isolerast permanent for å hindre opptak i marine organismar, skaldyr og fisk. Vi følgjer difor Kystverkets tilråding om at både vraket og forureina sediment bør dekkast til. I tildekkinga skal det først brukast rein olivinsand som har god evne til å binde kvikksølv. Deretter skal det brukast massar som vernar mot erosjon. Planen er at arbeidet med tildekking skal starte til sommaren, seier Andersen.

Kystverket har i sin rapport til Fiskeri-og kystdepartementet vurdert fleire alternativ for å eliminere forureininga frå vraket. Kystverkets vurderingar og tilråding er basert på fysisk gransking av sjølve vraket og området rundt dette i 2005 og 2006. Dessutan vurderingar frå ei rekkje norske og internasjonale fagmiljø. Det norske Veritas har gjort ei uavhengig risikovurdering av alternative måtar for å handtere vraket. Den samla miljørisikoen er betydeleg lågare ved tildekking enn ved heving, meiner Veritas.

Departementet meiner at heving inneber stor fare for spreiing av kvikksølvforureining til heilt nye område, som i dag er reine. Ukontrollert spreiing av kvikksølv ved heving kan skje på to måtar. For det første kan øydelagde kvikksølvbehaldarar/laust kvikksølv i vraket leke ut under hevinga og flytting av vraket til skjerma farvatn som er nødvendig for å kunne heve vraket. For det andre vil det under heving vere stor fare for ukontrollert spreiing av dei sedimenta som er forureina til heilt nye område. Eit anna aspekt er faren for uhell ved fjerning av ammunisjon frå vraket, seier departementet

Etterkontroll og årleg prøvetaking med analysar av sediment i området vil sikre at vi er sikre på at tildekkingen er effektiv også på sikt. Programmet for dette i etterkant vil vere ein garanti for at kvikksølvet frå ubåten faktisk er isolert, meiner departementet.

- Vraket av U-864 med farleg last har lagt der det ligg frå 1945 og fram til i dag. Det er difor på tide å rydde opp. Sedimenta ved vraket er forureina og miljørisikoen blir vurdert som stor. Eg er trygg på at dette er den beste løysinga ut frå eit miljøperspektiv og er derfor glad for at vi no skal sette i gang med å eliminere forureiningsfaren permanent, seier konstituert fiskeri- og kystminister Dag Terje Andersen.