Det var på det pelagiske medlemssmøtet i Fiskebåt på Gardermoen at Nøttestad presenterte plansjen "Kvoteutsiktene for makrell: Meget bra!".

"Flere nye fremadstormende og tilsynelatende sterke årsklasser, spesielt 2010/2011-årsklassene ser ut til å fylle på nedenfra som gjør at framtida ser lys ut i forhold til kvoteutsiktene for makrellbestanden", stod det blant anna på plansjen.

I går kom så kvoterådet for makrell for 2016 frå ICES, Det internasjonale havforskingsrådet, med ein kraftig reduksjon.

-Fiskebåt har arbeidd i ei årrekkje med å styrke ressursforskinga. Mange spør seg nok om verdien av det idag. Svaret er at det likefullt ikkje er nokon veg utanom. At mange meiner at ICES, det internasjonale havforskingsrådet, ikkje er rette instans, er ei anna sak, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

-Eg har snakka med mykje med pelagiske forskarar. Kva seier dei om kvoteråda frå ICES? Jo: "Ikkje redd for bestanden, men er usikker på rådet frå ICES. Uheldige forhold/dårlege data gjer at ICES gir råd som dei gjer", opplyser Maråk.

-Dette gjer meg sint. Forstår ikkje ICES følgjene av kvoteråda? Forstår ikkje ICES at dei ikkje kan leike seg med tal og metodikk? Til det er konsekvensane altfor store for verdiskapinga og inntektene til fiskarane, seier Maråk.

-Dette kan vi ikkje leve med. Fiskebåt har i 10 år argumentert for betre kvalitet på ressursforskinga og for betre datagrunnlag. No må noko skje. Kyststatane og fiskerinæringa kan ikkje godta at forskarane leikar med tal for ei viktig framtidsnæring, seier Maråk.

-I tillegg undergrev framgangsmåten ein alt svekka tillit til råda frå ICES og ICES som framtidig premissleverandør når det gjeld kvoteråd. Kor ofte skal ICES få lov til å bomme, utan at det får følgjer, for ICES for tilliten til kvoteråda, spør Maråk

-Dei har bomma gong på gong på
-kolmule
-makrell
-torsk
-hyse

-Følgjene for verdiskapinga og for dei som hentar innetkta si frå havet har vore dramatiske. Dette kan ikkje halde fram. Kvoteråd, metodikk og organisering av ICES må evaluerast og endrast, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt.