Fiskebåt ber norske styresmakter om å vere restriktive med å la den islandske- og grønlandske flåten levere makrellen sin til norske mottak. Norges Sildesalgslag har mottatt innmelding frå eit grønlandsk fartøy til sine auksjonar.

Utan avtale
I eit brev ti Nærings- og fiskeridepartementet viser Fiskebåt til at Island og Grønland står utafor kyststatsavtalen på makrell, samtidig som dei driv omfattande fiske etter makrell utafor sine eigne økonomiske soner.

- Vi reknar med at bakgrunnen for dei store kvotane, er at dei vil posisjonere seg, slik at dei får sikra seg ein størst mogleg del av kvotane ved ein framtidig avtale med kyststatane, skriv Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt i brevet til departementet.

Internasjonalt farvatn
Fiskebåt meiner det på prinsipielt grunnlag er uheldig at desse nasjonane aukar innsatsen i internasjonalt farvatn. Noko som kan gi ytterlegare auka beskatning av både makrell, både frå nye nasjonar og nasjonar som tradisjonelt har fiska i dette området.

- Fiskebåt meiner at den islandske og grønlandske fiskeflåten ikkje skal få levere sine makrellfangstar til Norge, så lenge dei krev ein urettmessig stor del av makrellkvota, og vel å stå utafor ein kyststatsavtale, skriv Maråk i brevet.

Fiskebåt ber difor styresmaktene om å straks iverksette tiltak for å stanse levarnsar av denne fisken til norske hamner.