Krev avklaring om helikopter
Fiskebåt ber Forsvarsdepartementet kome med ei utgreiing om korleis dei skal handtere dei store forseinkingane av dei nye redningshelikoptera NH-90.
I eit brev til Forsvarsdepartementet ber Fiskebåt om at det leggast fram ein plan for avbøtande tiltak medan ein ventar på å få nye helikopter.
Milliardbeløp
Utskifting av helikoptera skal koste til saman 7,2 milliardar kroner og skulle vere på plass for lengst. Tidlegare var kystvaktskipa utrusta med Lynx-helikopter, men desse er no tatt ut av teneste fordi dei er for gamle.
I 2001 bestilte det norske forsvaret 14 helikopter av typen NH 90. Åtte til Kystvakta og seks til marinen sine fregattar. I 2009 landa det første i Norge, og er enno under uttesting.
Beredskap
Dette fører til uro for fiskeflåten fordi beredskapen på havet er svekka, sidan Kystvakta no seglar utan helikopter.
I brevet frå Fiskebåt blir det peika på at helikoptera også er viktige for å sikre ressurskontrollen.
Kontrakt
Ifølgje Aftenposten har Norge fleire gongar vurdert å seie opp kontrakten med den italienske leverandøren. No blir det gjennomført ei omfattande testing for å sjå om helikoptera tilfredsstiller krava.
Forsvarssjef Haakon Brunn-Hansssen, seier til Aftenposten, at svara frå testinga vil foreligge om kort tid og at Forsvarsdepartementet då vil få rapporten.