Norske fiskarar har fiska i fjerne farvatn i mange tiår. Fiske i område/farvatn utanfor norsk fiskerijurisdiksjon med fartøy som ikkje har hatt driftsgrunnlag i område under norsk fiskerijurisdiksjon, har til no vore basert på prøve- og forsøksløyve frå Fiskeridirektoratet.

Den nye konsesjonsordninga for fiske utanfor norsk fiskerijurisdiksjon vil gje næringa meir føreseielege rammevilkår. Samtidig gjev det styresmaktene betre kontroll med aktiviteten, sikrar deltaking i forsking og aukar medvitet om berekraftig resursforvaltning. Den nye konsesjonsordninga sikrar også at dei kvotane Noreg får tilgang til gjennom engasjement og deltaking i internasjonale organisasjonar, kan nyttast.

Det er krav om fjernfiskekonsesjon for å kunne delta i fiske i dei fleste område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon. Unntaket er det fiske som skjer gjennom forvaltningsorganisasjonane NEAFC og NAFO der norske fartøy driv fiske i kraft av eksisterande konsesjonsordingar og deltakarløyve.