-Vi legg opp til at systema som båtane satsar på skal godkjennast av oss, seier rådgjevar Guro Gjelsvik i Fiskeridirektoratet til fiskebat.no

Fiskeridirektoratet har i lang tid samarbeidd med Tromsøfirmaet Fisknett om utvikling og utprøving av eigna dataverkty for elektronisk fangstrapportering.
Produktet heiter efangst.

"eFangst er nå i praktisk bruk på nærmere 50 norske trålere og autolinefartøy. eFangst er også i prøvedrift på to ringnotfartøy. I løpet av høsten planlegger vi at eFangst også skal kunne brukes for elektronisk innmelding til Norges Sildesalgslag", skriv Fisknett på sine heimesider.

Fiskeridirektoratet har ønskt konkurranse om programvare-løysingar og får no ønsket oppfylt.

Firmaet Metiz Catchlog i Herøy på Sunnmøre lanserer nemleg no ei elektronisk fangstdagbok, i samarbeid med det islandske Trackwell Seadata. Island har i fleire år hatt krav om elektronisk fangstrapportering.

Metiz Catchlog skal i løpet av august installere systemet om bord i fem fiskefarty for uttesting fram mot årsskiftet. -Systemet skal prøvast både på ringnot, trål, line og garn, skriv selskapet i pressemeldinga.

"Den elektroniske fangstdagboka stettar alle krav som Fiskeridirektoratet stiller til den elektroniske rapporteringa med tanke på å vere eit verkty i kontroll, regulerings- og forskingssamanheng", skriv Metiz Catchlog i ei pressemelding.

Dessutan skal Ålesunds-selskapet Marine Software ifølgje Roger Drønnen i selskapet teste ut sitt produkt Win Catch edagbok i haust og tilby løysinga i løpet av vinteren.