Kolmulefisket har for det meste gått føre seg vest av Porcupine Bank og på eit felt lenger nordvest, delvis i internasjonalt farvatn.

Lodde
Av årets norske loddekvote vedI Island har 2/3 gått til konsum, med historisk høge prisar, ifølgje Norges Sildesalgslag. Gjennomsnittsprisen til fiskar har vore kr. 2,35.
No knyter det seg stor spenning til leitetoktet på lodde som Havforskingsinsituttet skal ha i mars. Ifølgje sildelaget er det rykte om loddetorsk utanfor Finnmarkskysten og loddeinnblanding i reketrål på Nordkappbanken.

NVG-sild
Vinterfisket etter NVG-sild går mot slutten og sist veke blei det meldt inn 25.000 tonn. Av dette gjekk vel 15.000 tonn til konsum. Årsakene til det låge kvantumet til konsum kjem av dårlegare interesse frå konsumkjøparne og færre båtar i aktivitet. Spesielt har det vore få ringnotbåtar i aktivitet, berre 3 fangster er meldt inn frå ringnot.

Tidleg sist veke var det fiske på Buagrunnen, utover i veka trekte silda sørover langs Mørekysten, og i helga var det fiske sør mot Svinøy. Fiskarne melder at silda held god fart på sør og det blir spennande å sjå kor langt sør ho kjem i år.

Det var håp om større sild når silda kom til Mørekysten. Dette slo ikkje til og gjennomsnittet har silda vore på 255 gram.

Prisane til konsum har stort sett lagt på minstepris eller nokre få øre over.

Hittil i år er det fisket hele 282.200 tonn med NVG-sild av norske båtar. Til same tid i fjor var det fiska 192.500 tonn. Av dette har ringnot fiska 136.400 t (80.700), trål 46.800 t (40.600) og kyst har tatt 99.000 t (71.200), melder Norges Sildeslagslag.

Denne veka er det venta lite deltaking i fisket etter NVG-sild på grunn av dårleg interesse blant konsumkjøparane.