For kort tid sidan vedtok regjeringa ei konsesjonsordning for norsk fiske på fjerne farvatn og konsesjonsrunden for krill blir den første etter at det nye regelverket er innført.

Før konsesjonsordninga blei innført fekk fire selskap med totalt fem båtar nei til å starte krillfiske i Sørishavet. Dei blei bedt om å vente til ei konsesjonsordning kom på plass.

Blant dei nye aktørane som ønskjer konsesjon er ifølgje Fiskeribladet Sunnmørsselskapa Atlantc Marine og Olympic Shipping. Atlantic varsler i sin søknad importløyve for eit farty på 105 meter. Olympic søkjer om ervervesløyve for eit nytt farty på 118 meter, som skal byggast for krillfiske og -produksjon, skriv Fiskeriblade. Etter søknaden skal fartyet vere ferdig i 2009/2010.

Det er også klart at Aker Biomarine vil vere blant søkjarane, sidan selskapet har kontrahert eit krillfarty for levering i 2009. Aker søkte om to nye løyve i fjor, før konsesjonsordninga kom på plass.

Aker Biomarine er det einaste norske selskapet som no driv krillfiske i Sørishavet. Det skjer med Saga Sea.