Johan E. Hareide var disponent i reiarlaget med same namn. Reiarlaget var ei tid blant dei største på Sunnmøre med seks snurparar.

Hareide var seinare i ei årrekkje disponent ved Hjørungavaag Verksted i Hjørungavåg og var landskjend som leiar av Kerala-prosjektet i India. Det var det første store norske utviklingshjelp-prosjektet og tok sikte på å modernisere dei indiske fiskeria. Hareide ga ut boka "Sidelengs i sanden" om åra han arbeidde med prosjektet.