Etter vel ei veke er det enno ikkje noko avklaring rundt reketrålaren Remøy frå Herøy i Møre og Romsdal. Remøy vart kontrollert av russisk kystvakt onsdag 11. mai, og tatt inn til Murmansk der båten ligg for anker.

Formalitetsfeil
Årsaka er ein formalitetsfeil i lisensdokumenta som trålaren må ha for å fiske i russisk sone. Lisensieringa av norske fartøy som skal fiske i russisk sone, er eit forhold mellom Norge og Russland. Reiarlaget hadde søkt norske styresmakter om lisens for å fiske på ein norsk rekekvote i russisk sone. Lisens for fartøyet blei gitt og reiarlaget har dagleg rapportert om fartøyet sine rekefangstar til både Russland og Norge. Reiarlaget har difor forholdt seg til at lisensen som blei gitt var i orden.

- Vi hadde venta at saka skulle vore løyst raskt og greit. Ikkje minst fordi Fiskeridirektoratet varsla og orienterte Russland om at det var gjort ein glipp i samband med denne lisensieringa. Diverre har det tatt lenger tid enn venta å få frigitt båten, seier administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk.

Kontakt
Fiskebåt har løpande kontakt med Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og det norske Utanriksdepartementet (UD). Det er UD som handterer kontakten med russiske styresmakter. Fiskebåt har også bedt om eit møte eit møte med UD for å drøfte saka. Det er ikkje klart når dette møtet blir.

Reiarlaget Remøy Havfiske held tett kontakt med mannskapet som er om bord i båten. Dei skulle etter planen reist heim sist veke.

- Mannskapet har det bra, sjølv om det er ein kjedeleg situasjon også for dei. No håpar både dei og vi at saka vil få ei snarleg løysing, seier Maråk.

Trålaren Remøy har eit mannskap på 17 personar, der to er frå Færøyane og resten er norske.

Alle partar jobbar aktivt med å få løyst saka, og reiarlaget har bedt om at mediekontakt i størst mogleg grad skal gå gjennom Fiskebåt, ved adm.dir. Audun Maråk.