I Forsvaret får Fiskebåt opplyst at dei hadde varsla navigasjonssentralen i Arendal på vanleg måte, men at sentralen ved ein feil ikkje hadde sendt ut varsel om øvinga.

Både Fiskebåt og reiarlaget kjem til å følgje opp saka.- Sidan øvinga ikkje var varsla på vanleg måte ser vi det slik at Forsvaret har erstatningsansvar for dei tapa som har oppstått, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt. Leinefisk har difor eit rettmessig krav på erstatning og det gjeld også andre reiarlag som måtte ha fått tap, seier han.

Så seint som i oktober i fjor tok Fiskebåt opp svikt i varslingsrutinene ved ei øving på Myken/Træna. Også då måtte båtar avbryte godt fiske på grunn av ei øving som Sjøforsvaret hadde, utan tilstrekkeleg varsling.