På spørsmål frå styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåt, sa Hafsteinsson at det er svært vanskeleg å forsvare det islandske makrellfisket, som han kalla eit reint oppmalingsfiske.

Hafsteinsson meinte at for stort uttak av lodde i islandsk sone sidan 1984 er grunnen til dårlege utvikling i kvitfiskbestandane i islandske farvatn. -Lodda ves Island er på det næraste borte og det blir etter alt å døæme ikke loddefiske ved Island komande vinter, sa han.

-Alle dei viktigaste og mest verdfulle bestandane for Island er på historisk lågmål eller i tilbakegang. Torsken er mager og dårlege årsklassar er på veg, sa Hafsteinsson. Torsken er den viktigaste bestanden for Island, med 40% av verdiskapinga innanfor islandsk fiskerinæring.